Helse- og oppvekstfag

Haram vidaregåande skule tilbyr Vg1 Helse og oppvekstfag fyrste året.

Deretter kan du andre året velje anten;
Vg2 Helsearbeidarfag (som filmen over fokuserar mest på)
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag (sjekk ut kvardagsglimt: glimt1, glimt2, glimt3, glimt4)


Uavhengig av kva for retning du vel, bør du trivast med menneske og ha ei positiv innstilling i møte med både dei du skal vere til hjelp for og dei du skal samarbeide med. 

Du bør vere

  • omsorgsfull og omsynsfull overfor menneske
  • flink til å kommunisere
  • god til å samhandle med andre

Du lærer

  • om helsefremjande arbeid, for alle aldersgrupper
  • om fysisk og psykisk helse
  • om korleis kroppen er bygd opp
  • om kost, ernæring og hygiene
  • om kommunikasjon og samhandling
  • om utviklinga til barn og unge, og korleis det er å eldast

Du kan bli

  • helsefagarbeidar, ambulansearbeidar eller portør
  • aktivitør eller barne- og ungdomsarbeidar
  • Sjå alle yrke og kompetansar 
    (mange ulike yrke, avheng av kva for Vg2-program du vel deg etter Vg1)

Arbeidsstader

  • sjukehus, kommunale og private helsetilbod ved institusjonar eller heimeteneste
  • barnehagar eller skulefritidsordningar
  • apotek, tannlege- eller legekontor
  • fot- eller hudpleiesalongar 
    (To siste kulepunkt med døme på arbeidsstader, er berre aktuelle om du har gått Vg2-program etter Vg1 Helse- og oppvekstfag som vi ikkje tilbyr)

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev).
Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:

Snarvegar