Yrkes- og studiekompetanse

(Forkortingar brukt på dette tilbodet er YSK = yrkes- og studiekompetanse og TAF = tekniske og allmenne fag).

4-årig tilbod

Dette er eit 4-årige tilbod, der elevane får ein kombinasjon av yrkesfagleg-  og studieførebuande utdanningsprogram.

På Haram vgs. kan elevane anten gå YSK - Elektro (4,5 år) eller YSK - Teknologi- og industrifag (4 år). Begge tilboda vil gje elevane eit fagbrev og i tillegg studiekompetanse med full fordjuping i matematikk og fysikk etter fullført utdanningsløp.

Historikk

Yrkes- og studiekompetanse (YSK), tidlegare tekniske- og allmenne fag (TAF), vart oppretta som ei forsøksordning i 1992. Føremålet var å få fleire unge til å velje ingeniørutdanning etter vidaregåande skole, og ein meinte å kunne stimulere til dette ved å lage ei ordning der elevane etter ei 4-årig vidaregåande opplæring kunne oppnå både fagbrev og spesiell studiekompetanse. Ei ordning som og næringslivet har ønska velkomen.

Dobbel kompetanse

Den doble kompetansen oppnår ein ved at utdanningsprogrammet går over 4 – 4½ år. Gjennom heile opplæringsløpet nyttar ein utplassering i verksemder; - to dagar pr. veke dei tre første åra og tre dagar pr. veke det 4. året.

Elevane er i hovudregelen ved same verksemd gjennom heile opplæringa, men unnatak kan skje. Dette gjev god kontakt mellom verksemd og elev, helst i eleven sitt eige nærområdet, og synleggjer på ein god måte moderne teknologifag og industriarbeidsplassar for ungdommen. Verksemdene får eit betre rekrutteringsgrunnlag, og elevane får kunnskap om moglege yrkes- og utdanningsval som ligg i forlenginga av YSK
   

Elev-/lærlingstatus i det 4-årige løpet

Dei to første åra har ein status som elev, dei to siste som lærling. Lærekontrakt vert inngått ved starten av det tredje opplæringsåret. Elevane på dette utdanningsprogrammet følgjer bedriftene sitt arbeidsår. Det er og løna arbeid elevane utfører.

Meir informasjon om lønsordninga for YSK-elevar gjennom dette utdanningsløpet, får du av skulen ved opptaket til skuleplass.

Skuleskyss
YSK-elevene har rett til skuleskyss alle 4 åra i denne opplæringa, men då på dei dagane dei er på skulen, jf. informasjon frå seksjonsleiar Opplæring i bedrift ved KON-Møre og Romsdal fylkeskommune.
 

Utdanninga er krevjande

Ein bør ha eit godt teoretisk grunnlag frå ungdomsskulen skal ein velje dette utdanningsprogrammet. Det lagt inn krav om karakteren 4 eller betre i både naturfag og matematikk frå grunnskulen, då både god realfagleg grunnskap og gode matematiske ferdigheitar er viktig for å lukkast på utdanningsprogrammet.

Elevane må vere budde på å yte god eigeninnsats inn mot skulearbeidet gjennom heile det 4-årige løpet.

Snarvegar