Vaksinering på HVS

Elevar som er fødd i 2004 og 2005 får tilbod av Ålesund kommune om cov19-vaksine på skulen den 8. september.
   

Dette er eit tilbod. Den enkelte elev tar si eiga avgjerd om ein ønskjer vaksinering.

Skriv ut

Det er sett opp ein eigen vaksinasjonsdag for elevar fødd i 2004 og 2005 her på skulen.

Dose 1:  8. september 2021
Dose 2:  3. november 2021

Elevane bestiller seg vaksinetime her:  https://helseboka.app/b/s/796444

Dersom du av ulike grunnar ikkje kan bestille time digitalt, må du sende e-post med namn, fødselsdato og telefonnummer til: massevaksinering@alesund.kommune.no
Det er viktig at du og oppgir vaksinasjonstad Haram vidaregåande skule.   

Du som elev må fylle ut eigenerklæringsskjema før sjølve vaksinering.
Dersom du enno ikkje har fylt 16 år på vaksinasjonsdagen, må du ha med ferdig utfylt samtykkeskjema med føresette sin underskrift.

Merk!
Vaksinasjonsteamet vil gjerne vaksinere alle elevane født i 2004 og 2005 ved Haram vidaregåande skule, den dagen dei er på skulen. Om nokon av elevane allereie har bestilt seg time på Sparebanken Møre Arena, må dei avbestille denne, og bestille ny time til Haram vgs-vaksineringa.

Oppmøteplan for vaksinering vil bli formidla. Møt opp som du får beskjed om så syt teamet for gode rutiner under vaksineringsdagen.