Utdanningsval og hospitering på HVS

I veke 46 ønskjer HVS alle 10.klassingar i nærskulane velkomne til 2 dagar med hospitering.

    

Nokon 10.klassingar har og lyst til å hospitere på YSK (utdanning med yrkes- og studiekompetanse som mål), og dei tek skulen i mot på onsdagen i same veka.

Skriv ut

Program for hospiteringsveka ved Haram vgs.


Mån.15.11 / Tys.16.11 - Vatne usk., Haramsøy usk. og Hildre usk.

Kl.08:05  Oppmøte i auditoriet - Info om skulen og hospiteringsdagane
                (NB! Berre dag 1 startar i auditoriet. Dag 2 følgjer timeplan frå kl.08:05)
Kl.08:40  Oppdeling i utdanningsprogram og fordeling ut på klasserom
                Ulike faglege opplegg blir gjennomført fram mot lunsj

Kl.11:15 - 11:45 MATFRI
                 Måndag med servering (gratis mat) i kantina for 10.klassingar, men ikkje tysdag. 
                 Det er ope for sal av anna mat og drikke begge dagar!

Kl.11:45  Nye fag og nye klasserom - faglege opplegg fram til skuleslutt
Kl.14:30  Skuledagen sluttar
 

Onsdag 17.11 - Hospitering på YSK

Kl.09:00  Oppmøte i auditoriet - Info om skulen og hospiteringsdagen
                Tildeling av klasserom, og fagleg opplegg for dagen startar opp

Kl.11:15 - 11:45 MATFRI. Servering i kantina

Kl.11:45  Nye fag og nye klasserom - faglege opplegg fram til skuleslutt
Kl.14:30  Skuledagen sluttar
 

Tors.18.11 / Fre.19.11 - Brattvåg usk og Harøy usk

Kl.08:05  Oppmøte i auditoriet - Info om skulen og hospiteringsdagane   
                (NB! Berre dag 1 startar i auditoriet. Dag 2 følgjer timeplan frå kl.08:05)

Kl.08:40  Oppdeling i utdanningsprogram og fordeling ut på klasserom
                Ulike faglege opplegg blir gjennomført fram mot lunsj

Kl.11:15 - 11:45 MATFRI
                 Torsdag med servering (gratis mat) i kantina for 10.klassingar, men ikkje fredag.
                 Det er ope for sal av anna mat og drikke begge dagar!

Kl.11:45  Nye fag og nye klasserom - faglege opplegg fram til skuleslutt
Kl.14:30  Skuledagen sluttar
 

Vil du lese om, eller kanskje helst sjå litt, om korleis elevkvardagen på HVS er, finn du litt om alle utdanningstilboda våre her. Og så får vi sjå kva kva elevane våre finn på å vise deg når du kjem på hospiteringa.

Programmet (eller timeplanen) for hospiteringa på dei ulike utdanningsprogramma vil du få utlevert i auditoriet på dag 1.
Du kan og sjå dei under her, om du vil hente den, t.d. til mobilen din.

Eller kanskje berre gå til INSTA-Haramvgs - det ligg klart til deg der og! (Følg oss gjerne)
 

VELKOMEN TIL HVS!