Til deg som skal søkje

Ikkje så lett å vite kva ein skal velje for neste skuleår. 

Det er veldig forståeleg. Søk informasjon, snakk med folk du kjenner, men gjer dine eigne val. Det er di framtid.

Skriv ut

Over ser du ein liten biletserie, som viser nokre miljøbilete frå skulekatalogane våre.

Utdanningstilbod

Å lese om kvart utdanningsprogram, er ein ting. Det gjer du ved klikket Utdanningstilbod. Der kan du orientere deg om utdanningstilboda på Haram vgs.

Skulemiljø

Korleis elevane har det på skulen her medan dei jobbar med sitt, studerer og finn ut av ting, kan ein jo ikkje alltid lese nokon stad. Det må opplevast. Vi ønskjer å tilby elevane våre eit godt miljø og god opplæring. Dette gjer vi best i samarbeid!

Elevrådet er aktivt, og har mellom anna fått på plass skulefrukost, tilgang til spel i fellesarealet og arrangerer sosiale samlingar (når det er mogleg å arrangere dette). Dei har og god dialog med leiinga, slik at ein saman jobbar kontinuerleg for å skape eit godt læringsmiljø på skulen.

Alternative plassar for læring

Lærarane våre er jamt over kreative i faga sine, og tar gjerne elevane ut på ulike faglege "reiser", digitalt eller heilt reelt på tur. Døme på det siste er ekskursjonar i biologi, som den til Kaldhussætra for Bi2 i september og  Atlanterhavsparken i Bi1 no i desember. Sjølvsagt er fleire elevar enn dei på Studiespesialisering ute på bedriftsbesøk og faglege utflukter. Både VARD, IP Huse og Ekornes har fått HVS-elevar på besøk, og dei ulike klassane har mottatt besøk frå studentar, bedrifter og opplæringskontor.

Slike hendingar i skulekvardagen vert ikkje alltid publisert her på heimesida til skulen, men følg oss på INSTA-Haramvgs eller FB! Der blir meir frå skulekvardagen publisert.

Og mens du funderer på kva du skal velje for neste skuleår, er representantar frå HVS over til Skottland og førebur for mottak av elevar på Vg2 ST i Skottland. Dei jobbar og med å få på plass igjen utvekslingsopplegget knytt til YFF på Vg2HEA, Vg2BUA, Vg2EL og Vg2TP, som har hatt ei "korona-pause". Håpet til skulen er at også dette skal kome opp å gå igjen allereie no denne våren.

Spennande ting skjer. Vil du vere med?
   

Søk no!

Hugs å søkje på vigo.no innan fristen 1. mars.

Lukke til!