Sommar-informasjon

Her er informasjon som gjeld i sommarmånadane fram til skulestart.

Vi ønskjer alle elevar, tilsette og samarbeidspartnarar ein flott sommar!

 

Skriv ut

Skulen vil  ha bemanning gjennom sommaren. 


Ekspedisjonstid, kl.10-14.

Er sentralbordet forhindra i å ta telefonen, kontakt skulen via e-post: haram.vgs@mrfylke.no
Om ein vil besøke skulen, avtal tid på førehand.

Kontaktinformasjon (klikk deg dit, om du treng meir detaljar)

  

Inntak til skuleplass

Alle som har søkt skuleplass, vil i løpet av første veka i juli få svar via SMS frå inntak i Møre og Romsdal fylkeskommune om kor dei har kome inn. Hugs det er viktig å svare, og å takke JA, sjølv om du ikkje får førstevalet ditt. Men velg då JA til å fortsatt stå på ventelisteplass, om du framleis håper å kome inn på eit høgare ønskje.

Inntak har kontrollen både over førsteinntaket og andreinntaket. Først når denne prosessen er ferdig, tar skulane over arbeidet med inntaket. Dersom det blir ledige plassar i nokon av klassane våre, tek vi umiddelbart kontakt med søkjarane som står på fylkeskommunen sine ventelister, deretter går vi over på våre egne lister over etteranmeldte søkjarar.

Lurer du på noko i høve inntaket, sjekk heimesida til fylket.
T.d. kan «Ofte stilte spørsmål om søking» gje deg svar på det du lurer på.

 

Skulestart etter ferien

Skulestart for elevar er lagt til måndag 23. august i veke 34.

Oppmøteplan:
Kl.09:00: Vg1-elevar møter i auditoriet (ved grønt nivå)
Kl.10:30: Vg2-3 møtar opp, også i auditoriet (ved grønt nivå)
  

Seinare i veka:
Vg3TT møter opp onsdag 25. august, kl.08:00 ved auditoriet.
Vg4TT møter opp torsdag 26. august, kl.08:00 ved auditoriet.
   

Pedagogisk personale startar med planleggingsdagar i veke 33 (mån.16. - fre.20.08.21)


Nyt sommaren,
og velkomen til HVS igjen i august.