Skuleval 2021

Skulevalet er ein viktig del av valgkampen til dei partipolitiske ungdomsorganisasjonene, men for dykk elevar er dette fyrst og fremst eit pedagogisk verkemiddel i arbeidet med gje dykk auka politiske kompetanse.
  

Mandag 6. september er dagen for skuleval ved Haram vgs.

Skriv ut

Førmålet med skulevalet er pedagogisk, og er meir som eit prøveval halde i forkant av det ordinære valet i landet. Gjennom å delta i skulevalet får du som elev erfare korleis den demokratiske valordninga i landet fungerer. Kanskje kan dette og auke interessa for politikk og politisk arbeid blant dykk som no er, eller snart blir, fyrstegongsveljarar.

Elektronisk skuleval

Skulevalet vert gjennomført elektronisk og elevene skal gjere dette på eigne datamaskinar i klasserommet.

Alle elevar får tilgang til å stemme ved å bruke linken under og deretter nytte Feide-pålogging. Stemmegivinga må skje i dag måndag 6. september.

Elev ved Haram vidargåande skule?
- Gå inn via denne linken: https://nettskjema.no/a/210486 
- Bruk Feide-pålogging for å avgi stemme
 

Valdebatt

Valdebatten i år vert og digital. Elevane må samle seg klassevis på sine basisrom og faglærar/kontaktlærar som har grupper i dette tidspunktet, følgjer opp på desse klasseromma. Sendingen begynner kl. 1200.

Her er lenka til skuleval-debatten: https://www.youtube.com/watch?v=vPnepn3fDvA

Lukke til med valet!
    

Resultat etter skulevalet 2021

På nettsida til NSD oppsummerer dei skulevalet slik :
- Resultater fra skolevalget 2021: Arbeiderpartiet er fortsatt det største partiet, men går også mest tilbake. Fremskrittspartiet, Venstre og SV går mest fram i årets skolevalg. Arbeiderpartiet er fortsatt det største partiet, men har også gått mest tilbake sammenlignet med skolevalget i 2017. (Klipp frå nettsida til NSD - Norsk senter for forskningsdata).

Sjå det endelege resultatet frå skulevalet her.
Om du vil sjå resultat per skule, eller per fylke, får du oversikt over dette også på same stad.