Klagerett på standpunktkarakter

Vi minner elevar og føresette om klagerett på standpunktkarakterar. Standpunktkarakter er sluttvurdering i fag og i orden og ådferd.

Du finn meir om standpunktkarakter og klagerett i denne artikkelen.

Skriv ut

Standpunktkarakteren får du vite i VIS.

Onsdag 15. juni vil alle elevar få tilgang til sine standpunktkarakterar. Desse blir synleggjort i VIS. Du må aktivt gå inn og sjå.

Frå denne datoen startar også klagefristen på 10 dagar å gjelde. Ver difor vaken og sjekk opp karakterane dine så raskt som mogleg, slik at ei eventuell klage vert sendt innan fristen.

Du kan klage på standpunktkarakter dersom du meiner at reglane for karaktersetting ikkje er blitt følgde. Du kan og klage dersom du ikkje har fått standpunktkarakter.

Vi minner om at det ikkje er klagerett på fag som ikkje er avsluttande.
 

Klager skal vere formelle og signerte.

Klagen skal skrivast på eige skjema (skjema ligg her). 
Dine føresette kan klage på vegne av deg fram til du er 18 år. Frå du er 18 år  skal du klage sjølv.

Før du sender inn ein formel, signert klage, kan det vere lurt å be om ein samtale med faglærar. Faglærarane er lett tilgjengeleg frå tidspunktet for offentleggjering og fram til siste skuledag, om du skulle trenge ein slik samtale.