Nyttig informasjon

I skulekvardagen er det mykje å halde styr på. Under denne fanen vil du finne opplysningar om dato for ulike aktivitetar (Aktivitetsplanen), prøver og heildagsprøver (prøveplanane) og andre detaljar i kvardagen.

Du kjem til å bruke den digitale plattforma VIS til mykje i kvardagen din, meir enn berre å sjå timeplanen. Sjå difor denne introduksjonsvideoen, så du er godt budd:
 


Det meste er ting du som elev må kjenne til, og sjølvsagt følgje opp på eigahand, men kontaktlærar vil hjelpe deg om du skulle ha behov for det.
 

Litt informasjon per utlagt dokument:   

Velkomstbrosjyre

Dette er ei informasjonsbrosjyre som alle elevar på skulen får 1. skuledag. I den ligg det meste elevane treng av informasjon for å kunne fungere godt i skulesamfunnet og orientere seg i ein vanleg skulekvardag. 

Aktivitetsplan

Dette er ein plan som i grove trekk viser kva som skjer på skulen gjennom skuleåret, utover vanleg timeplan. Endringer vil nok kunne skje gjennom skuleåret, da kvardagen på ein skule må gi rom for ein viss fleksibilitet.

Planen vil bli oppdatert fortløpande, så følg med! 

Skuleskyss

Dette er eit tilbod til enkelte elevar og er styrt av avstanden mellom skule og heim. I tillegg kan andre forhold gje ein elev rett til midlertidige eller permanente skyssordningar.

Informasjon om dette finn du i linken Skuleskyss - den fører deg til heimesida til fylkeskommunen og vidare til Skyssportalen.

Prøveplan/Heildagsprøveplan

I prøveplanane ligg dei fleste prøvene for kvar klasse, sett inn på rett dato. Større innleveringsarbeid og prosjektframføring blir og ofte lagt inn her. Dette er gjort av skulen for at du skal ha moglegheit til å langtidsplanlegge litt. Det kan det vere lurt å gjere for å unngå stress. Det vil gje deg ei betre kjensle av å ha kontroll i kvardagen din, og når du er godt budd, vil oftast resultata utvikle seg i positiv retning.

Lukke til i skulearbeidet!
    

Fråværsregistrering

Dersom du er borte frå skulen, MÅ skulen få informasjon om dette. Dette skal du melde frå om via VIS (Visma In School)

- Dersom du skal vere borte frå skulen og kjenner til dette i forkant, skal du snakke med kontaktlærar, men likevel nytte permisjonssøknaden-funksjonen i VIS (Visma In School) for å melde dette inn. Det er og her du får svar på søknaden.

- Dersom du er borte frå skulen ein eller fleire påfølgjande dagar, skal du BÅDE melde frå til din kontaktlærar (t.d. via SMS eller epost) og melde inn fråværet i VIS. 

NB!
Dersom du er under 18 år
skal og ein av dine føresette melde frå/stadfeste fråvær og fråværsgrunn.

Dersom eit fråvær kjem til å strekke seg over fleire dagar, er det viktig at du informere kontaktlæraren din om det. Dette for å unngå unødig bekymring når nokon er fråverande.

Hugs ;
- å dokumentere sjukefråvære fortløpande!
- å alltid syte for å vere fagleg ajoure innan avtalte fristar, eventuelt så fort du er tilbake igjen. 
   

Særskilt tilrettelegging, heildagsprøver og eksamen

Dette må du som elev søkje om å få. Det gjer du også via VIS (Visma In School).
Dette gjeld absolutt alle avvik frå normale prosedyrer ved heildagsprøver og eksamen. Det er eigne, nasjonale regler for dette, og du må sjølv dokumentere kvifor du har dei tilretteleggingsbehova du søkjer om. Rektor handsamar søknaden og vurderer om du fell inn under dei rette kriteria per tilretteleggingstiltak.

...............................................................................................................................................................

 

Snarvegar